RASK LEVERING

FRI FRAKT OVER KR.1000,-

Til kassen
Totalt: 0
Meny

Logg inn

Handlekurv / 0 produkter

Handlekurven er tom

Usikker på hvor du skal starte?
Se våre nyheter

VI ANBEFALER

Til kassen
Total: 0,-

13 ÅR OG UTAN DEKNING

13 år og utan dekning…

Det er sommarferie og i helga var vi på Sætra …. i lag med fire 13-åringar - ei helg utan dekning. 

 

Vi kjører oppover sætrevegen , det er som om dei er på tivoli… he du dekning… he du dekning…. farvel - goodbye.. I love you….  vææææææ ej mysta dekninga - hyyyylll… sjå kyrne!!!!  Stemninga i baksetet er elektrisk, som om vi er på Tusenfryd i ei berg og dalbane…adrenalinet er høgt.  Hallo vi skal berre på Sætra….  og nei der er ikkje mobildekning, men det går bra. 

 

Eg har topp underholdning… musikken ljomar og jentene er i hundre… bilen er overfylt med snop, bagasje, fiskeutstyr, fjellsko, det er lite stæsj, no er det timeout. Dei grugleder seg….. til 2 dagar utan dekning!

Nesten oppe på Sætra kjem vi til ei grind, eg ropar til jentene - hallo seterjenter, kven opnar grinda?

Eg - eg - eg ropar ei og hoppar ut… kor dette funka då?? Ho må ha hjelp, og vi åpnar grinda til ei ukjent og spennande verd for jentene, ei verd utan dekning. 

Dette er spennande, - kan ikkje du ta mobilane våra spør dei..... Med glede! Dei er spent…. og no senka skuldrane seg på oss alle. Vi tek ferie og dagane på sætra blir magisk. Dei må syte for noko av maten sjølv..  

Jentene hyler når dei få napp, og dei hyler når dei skal feste meitemarken på kroken. 

Frukosten er sikra, hyttesnacks nr.1.  Sprøsteikt kreder med ekte setrerømme.  

Vi avsluttar helga og kvitterer i hytteboka. Vi kjem snart attende, takk for no.

På veg heim er stemninga fortsatt på topp, så ropar dei frå baksetet…. kan vi ikkje snart ta bilde Stine, fotoshoot med koko kjolar… vi he soooo lyst. Jaaaa ropar dei andre jentene.

Eg kjem på at eg har kjolar liggande bak i bilen …  

Eg har faktisk kjolar bak i bilen seier eg…. Nei hyler dei… du tolla, he du? Og her er faktisk ein plass eg har tenkt på til fotoshoot, - eg har tenkt på det  kvar gong eg køyrer her.

Men på veg opp til Sætra så er eg ikkje i jobbmodus, dette er friplassen min, men no er vi på veg heim, og jentene er i hundre. 

Kor kor… eg bråstoppa, det er faktisk akkurat her. Jentene hyler av glede… og eg gler meg over iveren deira, men altså, etter 2 dagar på Sætra, utan varmt vatn, dei har vaska seg i fjellvatnet, for so å bruke kvelden på å fiske kreder til frukost, så myggstikka er raude og gloferske -  men ja dei er klar. 

Dei sparker av seg slippersane, hiv på seg kokokjolane, hoppar over ferske kuruker og spring inn i eventyrskogen som eg har kalla den. To av jentene merkar at dei har ferske saudeperler mellom tærne og får latterkrampe, men bryr seg ikkje der og då. Vi må ha musikk ropar dei, og spring bort til vegen og opnar bildørene så musikken ljomar over sætrevegen - og inn i eventyrskogen. Saudane tuslar seg vekk…. Ein bil passerer oss…. sjå ropar eine jenta - eg trur ho dama som kjørte forbi i bilen likte kokokjolen min skikkelig godt…..… det kjem til å bli masse salg av dette ropar ho entusiastisk til meg. 

Dei dansar i skogen overlykkelig over to dagar på Sætra utan dekning tenker eg…. - eller er dei eigentlig overlykkelige over at dei snart har full dekning igjen. 

Latteren min sit fortsatt laust berre ved tanken på dei nydelige dagane på Sætra med jentene. Det er mykje igjen av somaren som skal nytast. Ønsker deg ein god sommar, håper du også hugsa å logge av innimellom.

Alle jentene har på seg sommarkjolen Agnes frå kokonorway. 

Produktet du valgte er lagt i handlekurven